Her finn du informasjon om kampen om rettferdighet i ferjetilbodet for Austevoll. Hufthamar – Krokeide er det største fylkesvegferjesambandet i Vestland, men har langt i frå det beste rutetilbodet, kommunen er den mest folkerike i Norge utan fastlandsforbindelse. Husavik – Sandvikvåg har og dårlegare rutetilbod, enn samanliknbare strekningar. Viser til Helge Hopen rapporten frå 2015 nede på denne sida.

Innspel til møtet 30.05.23, frå Tore Hufthammer. Skreiv blant anna dette i eposten: «Austevoll er Noregs mest folkerike kommune utan fastlandsforbindelse, Hufthamar – Krokeide er det største fylkesvegferjesambandet i Vestland, målt i PBE.  I ruteproduksjon (km * PBE)  er det berre Halhjem – Sandvikvåg som er større i Vestland. Dette bør være nemnd i ei så viktig sak, og være ein del av saksdokumenta» Brevet ligg i PDF under (brev til sak 8/2023)

Innspel til møtet 30.05.23 frå Terje van der Meeren

Nytt vedtak i NAF årsmøte 2023.

Dette kjem opp på møtet 30.05.23. Som eg har skrive i e-post til fylket har dei i saksdokumenta ikkje skrive noko om at: Austevoll er Noregs mest folkerike kommune utan fastlandsforbindelse, Hufthamar – Krokeide er det største fylkesvegferjesambandet i Vestland, målt i PBE.  I ruteproduksjon (km * PBE)  er det berre Halhjem – Sandvikvåg som er større i Vestland. Dette skulle sjølvsagt innleia ei så viktig sak, og vore ein del av saksdokumenta»

Dette er vedtatt av NAF på deira Årsmøte 16.03.22.

Under finn du saka som vart sendt til årsmøtet og vedtaka.

Lesarinnlegg i i avisa Marsteinen.

19.09.21 PDF under, viser at Austevoll framleis ikkje får noko som helst frå Vestland FK.

29.08.21. Har laga ein liten oppsummering, viser til PDF, Før valet 2021.

27.04.2021 blei det sendt bekymringsmelding til Samferdselsdepartementet frå Austevoll Senterparti. Det blei laga ein merknad på dette i Samferdselsdepartementet, men ikkje noko meir.

17.03.21 I vedlegget her fin du e-postar med svar og motsvar til Askeland, med kopi: SP Sentralt og andre. Handlar om at SP bryt med eigen politikk, samt verdiskaping, manglande retningsliner for drift og ferjer og dokumentasjon om Austevoll sine behov.

23.02.21. Denne e-posten er sendt Jon Askeland, Jenny og Jannicke i dag , med svar og motsvar 24 og 25.02.21:

Det denne saka hadlar om: Me ber om at første ferja går frå Hufthamar 05:55 med siste avgang frå Hufthamar kl. 01:00, og to ferjer i drift kvar dag heile året. Austevoll laksepakkeri må ha ein siste avgang 01:00 frå Hufthamar for å investera for ein halv milliard og auka produksjonen sin frå kr. 1 750 000 000.- til det tredoble. Men kan ikkje gjera dette på grunn av manglande ferjer. Dette skjønar alle at samfunnet som heilheit vil tena på.

«Det me ber om er eit likeverdig ferjetilbod som eit anna og landfast samband i fylket har, med berre omlag halvparten at trafikken til sambandet Hufthamar-Krokeide. Austevoll er ikkje landfast og har ikkje alternative køyreruter, slik dette landfaste sambandet har.» Eit anna samband med nærleik til den nyleg bygde Hardangerbrua, går med 3500 tomme ferjer i året. HFK og no Vestland Fylkeskommune skyldar på dårleg økonomi, korleis er dette mogeleg? Korleis hadde man reagert om Haugesund hadde betre kollektivtilbod enn Oslo? Ferjetilbodet må være best der det er mest trafikk, og der ein i tillegg ikkje er landfast. Austevoll stengjer i dag 22:35, ut av kommunen.

Karsten Eriksen er den som har gått gjennom ferjerutene og Terje van der Meeren har forfatta brevet til kontrollutvalet, dei har også jobba mykje med takstane på hurtigbåt som varierer med 400%.

Saka som skulle opp i går 25.11.2020 vart i følge Jannicke Bergesen Clarke utsett til neste møte 12.01.2021 på grunn av for mange saker til behandling. På dette møte blei ho heller ikkje behandla. Einaste ein diskuterte var om saka skulle på postlista eller ikkje! Saka kjem heller ikkje opp igjen slik eg forstod Jenny Følling.

https://innsyn.vlfk.no/Innsyn/RegistryEntry/DocumentDetails/302207?SourceDatabase=

Nokre av dokumenta i saka:

Kommentar frå Senterpartiet i Austevoll til sak «saksfremlegg/hoveddok. «SI 61/2020.» frå Hovudutval for samferdsel og mobilitet, sitt møte 4.11.2020:

Spørsmål og svar i saka: https://innsyn.vlfk.no/Innsyn/DmbHandling/ShowDmbHandlingDocument?dmbId=3676&caseType=Protokoll&registryEntryId=237383

Kommentar frå Tore Hufthammer SP Austevoll:

Tilleggsinformasjon sendt Hovudutval for miljø og samferdsel, Vestland Fylkeskommune. Sendt 29.10.2020. Frå Senterpartiet i Austevoll:

Brev som Austevoll SP sendte til Vestland Fylke den 11.09.2020, med krav om to ferjer i drift heile året, og opningstid frå 05:45 til 01:35:

Innspel frå Austevoll kommune, til Skyss ved Morten Storebø. Viser til vedlegg under.

«Ferjetilbodet i Austevoll» av Helge Hopen:

Ein stad går grensa, reportasje frå BT:

Nasjonal Transportplan NTP:

Ferjestatistikk frå 2018:

Klage til kontrollutvalet, frå Terje og Karsten:

FRP sitt forslag, Sjømat vegar blir riksvegar:

13.05.2019. Senterpartiet ynskjer rettferd i samferdsla i Austevoll: