Me held til på Hufthamar i Austevoll kommune. 500 meter frå Hufthamar kai.

Garden er KSL godkjend for Inn på tunet. Inn På Tunet er ein kvalitets godkjenning som ligg under Landbruksdepartementet og det er Matmerk som gjennomfører kontroll, godkjenning og revisjon kvart anna år. I kvart fylke har Fylkesmannen ein person som har Inn På Tunet som si arbeidsoppgåve. Det er over 400 Inn På Tunet gardsbruk i Norge.

Me har renovert eit 200 år gammalt hus for Inn på tunet verksemd.

Gamlestova har stue, kjøkken, garderobe, dusj og toalett. Her er det også internett, projector og lerret.

På eit fem mål stort område som ligg i garden sitt område ligg Hufthamar tunet, som i dag er eit museum.

På låven har vi bordtennis, biljard og trenigsapparat.

På IPT hos oss kan du delta i den daglege drifta på garden som stell av dyr, enkelt vedlikehald og anna arbeid. Handarbeid, strikking, hekling og sying kan me gjera i gamlestova.

Me har unike turområde på den 400 mål store garden vår, der me og kan gå tur til sjøen, der me har eit stort naust og båt.

Arbeidsoppgåvene vil variere med årstidene. 

På garden driver vi med villsau, men her bur også, høner, katter.

Vi ynskjer at alle skal møtast med respekt og oppleve glede og meistring gjennom arbeidet på garden. Vi legg vekt på at brukaren skal oppleva meistring, og få positive opplevingar.

Bilet viser flyfoto frå Hufthamar, Hufthamar gard er øvst på bileta, med Hufthamar tunet like ved.

Oversida av vegen er Hufthamar tunet og Hufthamar gard.